Torgdag i sol og varme

Torgdag 22.10.2016














Bø torg viste seg frå si beste side på torgdagen 6. mai. Arrangementet var eit samarbeid mellom Bøker i Bø og Sentrumsringen. Mange tok turen innom teltet til Bø mållag for ein prat, og dialektkvissen var populær.


Bøkoppen

Bøkoppen Dette er Bøkoppen, den ideelle turkoppen, i uknuseleg stål og emalje. Du får kjøpt han på Kafe Snakkas, Mariposa kafe, Roxy Kaffebar og Akademika.








Styret klart for nytt arbeidsår

Torgdag 22.10.2016

















Attval og ikkje på val var gjennomgangstonen under valet på årsmøtet i februar. Mållaget vil i året som kjem gjere sitt til at nynorsken får sin rettmessige plass i ein ny kommune. Og i tillegg til skulemål, var det den moglege samanslåinga med Nes mållag som prega drøftinga. Planen no er å bruke 2017 til å jobbe saman med representantar frå Nes mållag for å utarbeide eit forslag til avtale, som begge laga kan ta stilling til på neste årsmøte i februar 2018.


Gratis nynorskhjelp til marknadsføring!

Marknadsføring














Det lønner seg å bruke nynorsk i marknadsføring. Dette er erfaringa til stadig fleire bedrifter i nynorskområde. Bø mållag tilbyr:
Gratis hjelp til å utforme nynorsk tekst

  • på annonsar i Bø blad, TA og Varden
  • på banner og plakatar
  • på annonsar i Bø-posten


  • Kvifor nynorsk i marknadsføring i Bø?
    Klikk på lenkene og les meir om dette:

    Med nynorsk identifiserer du deg med kunden

    Nynorsk som verkemiddel til å fange lesaren

    Nynorsk tekst som element i merkevarebygging. Sjå gode eksempel her.

    Eksempel på nynorsk i dei store kjedene

    Reklameguru Ingebrikt Steen Jensen: Dialektbruk gjer reklamen truverdig

    Send teksten din til bomallag@gmail.com , så får du korrekturlesen nynorsk tekst tilbake (også om originalen er på bokmål). Alternativt kan du ringe/sende SMS til: 907 02 089 og be oss stikke innom deg.


    Bøgradestokken
    ... frå 40 minus te 40 pluss

    Bøgradestokken Her ser du gradestokken kånns.
    E'n ikkje fin? Du fær'n på
    Meierismuget kafé, Akademika bokhandel og Roxy Kaffebar.

    +40 Bakarømm – Varmt som i ein bakaromn

    +35 Eg brånar – Eg smeltar

    +30 Brekjelone – Ei kort stund med sterk varme,
          gjerne når sola steikjer før eit torevêr

    +25 Høyvær – Tid for å ta inn høyet

    +20 Såmmårsleg – Sommarleg

    +15 Grovær – Vokstervêr

    +10 Husje – Hustrig

    +5 Tøyr – Mildvêr om vinteren

    0 Fubellføre – Så glatt at du kan dette på rumpeballen

    –5 Kurssig – Småkaldt

    –10 Kellvole – På grensa til kaldt

    –15 Kellt på nåsenn – Kaldt på nasane

    –20 Eldsmæl i ømmen – Så kaldt at du må fylle
          omnen med eit mål ved

    –25 Knasans kellt – Knakande kaldt,
          det knasar under skoa når ein går i snøen

    –30 Kell nare – Bitande vinddrag

    –35 Gårrkellt – Særleg kaldt

    –40 Ikkje sea krigen,
    men da var det også minus 42, i 1942










    Uheldig og fått knust søyla? Ikkje fortvil -
    reservesøyle kan du få kjøpt ved å kontakte oss på e-post. Prisen for ei reservesøyle er kr. 100,-.

    Webmaster: Dag Hallvard Østtveit
    Bø mållag: bomallag@gmail.com