Årsmelding 2006

Årsmøtet i 2006 vart halde 2. mars på Kafé Anno.  Det var 15 medlemer med røysterett på årsmøtet.  Årsmøtet vedtok nye vedtekter for Bø Mållag og utnemnde Eiliv Astad til heidersmedlem.  Birger Risnes synte lysbilde og fortalde om ei reise gjennom Midtvesten USA. 

 

Styret har vori samansett slik:

 

Leiar:                Torhild Aavik

Skrivar:             Anna-Elise Smedstad

Kasserar:           Dag Hallvard Østtveit

Styremedlem:     Margit Ryen Steen

 

Vara:                Asgeir Sele

                            Olav Rovde

 

Styret har hatt 6 styremøte i arbeidsåret og handsama 52  saker.  I tillegg har det vori 2 styremøte/planleggingsmøte i lag med Nes Mållag og Bø Folkeakademi.  Me har valt å ha styremøta i heimane.  Torhild Aavik og Dag Hallvard Østtveit møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag i Skien.  Bø Mållag hadde ved årsskiftet 71 medlemer, ein auke på 3 medlemer frå i fjor.

 

Viktige saker som er handsama:

 

Ø      Viljen til språk, kulturkveld 1.11.2006.  Ottar Grepstad frå Nynorsk Kultursentrum kåserte om nynorsken si stilling frå Ivar Aasen til no på Idunshall/Akkerhaugen.  Musikk var ved Jon Solberg og Anders Røine.  Arrangørar var mållaga i Bø og Sauherad og Bø Folkeakademi.  Dette har vori ei krevjande oppgåve for mållaget.  Kulturkvelden var ein del av 100-årsmarkeringa av Noregs Mållag.

 

Ø      Målblomen er vidareført.  Nyno Data fekk Målblomen i august for dataprogrammet Ordrik som gjev brukaren synonym for nynorskord.  Bø bibliotek får Målblomen i februar 2007.

 

 

Ø      Kakebasar 13.5. og 18.11.2006  Laget var i år på Bøsenteret og Rema 1000 i mai.  Det kom inn mange vinstar og det gav eit godt resultat.  I november valde styret å ha ein minikakebasar på Rema 1000 for å rette på økonomien etter Kulturkvelden.

 

Ø      Norsk Barneblad til 5.klasse.  Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden.  Alle elevar fekk i tillegg tilbod om å fortsetje i 6. klasse til redusert pris og boka ”På tvers” gratis.  2 har vald å seie ja til tilbodet.

 

Ø      Joleheftesal.  Styret valde også i år å tilby ungdomsskuleelevar å selje jolehefte.  I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum. 

 

Ø      Valspråk for Bø Mållag.  Styret kan tenkje seg eit valspråk for å synleggjera kva me vil med arbeidet.

 

 

 

Styret for Bø Mållag, januar 2007