Årsmelding 2007

Årsmøtet i 2007 vart halde 15.2. på Bø Prestegard. Det var 13 medlemer med røysterett på årsmøtet. Årsmøtet vedtok eit nytt valspråk: Bø Mållag – for norsk i skrift og tale. Etter kaffipause med gode kaker og hyggeleg prat fekk vi eit interessant foredrag av Olav Rovde om emnet Nynorsk i nasjonalismedebatten. 

 

Styret har vori samansett slik:

 

Leiar:              Torhild Aavik  2007

Skrivar:           Marit Lindvik Tveit  2007 og 2008

Kasserar:         Dag Hallvard Østtveit  2006 og 2007

Styremedlem:  Margit Ryen Steen  2006 og 2007

 

Vara:               Olav Rovde 2007

                       

 

Styret har hatt 9 styremøte i arbeidsåret og handsama 55 saker. Me har valt å ha styremøta i heimane. Torhild Aavik og Marit Lindvik Tveit møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag på Dalen. Bø Mållag hadde ved siste årsskiftet 69 betalande medlemer, 3 nye verva i 2007. 

 

Viktige saker som er handsama:

 

Ø      Målblomen er vidareført. Ein journalist ved Bø-kontoret til Varden – Halvor Ulvenes – fekk Målblom for framifrå bruk av nynorsk i avisa. Hellestad Sandtak får Målblomen i februar 2008.

 

 

Ø      Kakebasar 5.5., handballdugnad 15.–16.6. og nattope 7.12. Laget hadde kakebasar på Bøsenteret og Sønstebøtunet. Det kom inn mange vinstar og det gav eit godt resultat. Styret tok på seg to betalte vakter under Sommarland handballcup. Under nattope selde styret Bøgradestokkar og jolehefte.

 

Ø      Bøgradestokken.  Styret valde å setje i gang med utarbeiding av ein gradestokk på dialekt. Det har vori viktig å kvalitetssikre han ved å sameine fleire informantar: Knut Løvlund, Bergit Vreim, Ingvar Skobba, Gunhild Nordbø, Gunhild Haugestøl, Randi Staurheim og Aslaug Wilhelmsen. Tor Olav Vellene Tveit har teikna dekoren.  Meierismuget, Roxy Kaffebar og Akademika bokhandel har selt han for 375 kr utan forteneste. Gradestokken har blitt uventa godt motteken og det er no selt 400 stk. 

 

Ø      Norsk Barneblad til 5. klasse. Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden. 

 

Ø      Joleheftesal og lodd frå kulturlotteriet. Styret valde også i år å tilby ungdomsskuleelevar å selje jolehefte og bestilling på Bøgradestokken. I tillegg selde me jolehefte på julemessa til Bø Museum og privat. Styret har selt 200 lodd i kulturlotteriet til Noregs Mållag.

 

 

 

Styret for Bø Mållag, januar 2008