Årsmelding 2009

Årsmøtet for 2008 vart halde 26. februar på Meierismuget kafé.  Det var 15 medlemer med røysterett på årsmøtet.  

 

Styret har vori samansett slik:

Leiar:              Torhild Aavik   2009

Skrivar:           Marit Lindvik Tveit   2009 og 2010

Kasserar:         Dag Hallvard Østtveit   2008 og 2009

Styremedlem:  Margit Ryen Steen   2008 og 2009

                        Kari Tveit   2008 og 2009

Vara:               Olav Rovde   2009

                        Asgeir Sæle   2009

 

Styret har hatt 9 styremøte i arbeidsåret og handsama 68 saker.  Bø Mållag hadde ved årsskiftet 67 medlemer, ein nedgang på to frå i fjor.  Dag Hallvard Østtveit vart valt til medlemsregisteransvarleg.

 

Kari og Hans Tveit møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag på Gvarv.  Ingen var på landsmøtet i Noregs mållag dette året.

 

Viktige hendingar i året som har gått:

v     Lugarkveldar 5.9. og  6.2. (2010) på Pizzafjoset.  Desse lugarane har vori med: Nils Flatland, Aslak Gunheim, Ingvar Skobba,Vigdis Gardsteig Kaasa, Torgeir Hefre, Roar Torstveit -> Stein Arne Fossheim og Helge Vreim. Kveldane har vori populære.

 

v     Igangsetting av arbeid med lokal eventyrbok.  Styret fekk med Olav Solberg, Birger Risnes og Margit Ryen Steen  (frå styret) i ei gruppe som med bakgrunn i kjente og ukjente innsamla segner og eventyr skulle gje ut ei barnebok hausten 2010.  Prosjektet har fått avsett 60.000 kr til kostnadsdekning. 

 

v     17.mai.  Laget stilte med namneplakat og mållagsmedlemer i  Folketoget i Bø.  Det var liten oppslutning.

 

v     Målblomen er vidareført.  Stanley Jacobsen fekk målblomen i september for teksten til ”Veslefrikkspelet”.                                       

 

v     Bøgradestokken selde godt dette året også.  Når salstaden Roxy kaffebar fekk nye eigarar fekk me Moland Bakeriutsalg i gata og kafeen Snakkas på Bøenteret til å ta over saman med Meierismuget kafé.

 

v     Styret har gjeve Bokmerket Bøgradestokken til alle elevar frå 5.-10. trinn.  Styret har lagt ut gratis bokmerke på Bø Bibliotek og Sparebanken Sør til alle som vil ha.  Laget fekk støtte frå banken til trykkerikostnader.  I framtida vil 5. trinn kvart år få bokmerke.

 

v     Nynorsk på Bøsenteret.  Styret oppmoda senteret om å bruke nynorsk skilting.  Me ser ikkje at dette har ført til noko.

 

v     Norsk Barneblad til 5.klasse.  Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden.  Elevane fekk også gratis gymbaggar dette året.

 

v     Joleheftesal.  Ei lita gruppe barn selde i år jolehefte.  I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum. 

 

v     Pirion til barnehagane i Bø.  Dette er ei nynorsk kulturavis som formidlar kultur og medviten språkbruk.  Styret har gjeve 5 årsabonnement for 2009 i gåve. Det skal føljast opp i år.

 

 

 

 

                                                            Styret for Bø Mållag, februar 2010