Årsmelding 2010

Årsmøtet for 2009 vart halde 11. februar på Meierismuget kafé. Det var 11 medlemer med røysterett på årsmøtet. 

 

Styret har vori samansett slik:

Leiar:              Torhild Aavik   2010

Skrivar:           Marit Lindvik Tveit   2009 og 2010   

Kasserar:         Dag Hallvard Østtveit   2010 og 2011

Styremedlem:  Margit Ryen Steen   2010

                      Aase Marie Ulberg   2010 og 2011

                      Margit Ims   2010 og 2011

Vara:              Olav Rovde   2010

                      Asgeir Sæle   2010

 

Styret har hatt 10 styremøte i arbeidsåret og handsama 68 saker. Bø Mållag hadde ved årsskiftet 59 medlemer, ein nedgang på åtte frå i fjor. 

 

Margit Ims og Sigbjørn Hjelmbrekke møtte for laget på årsmøtet til Telemark Mållag i Rauland. Ingen møtte på landsmøtet i Noregs Mållag.

 

Viktige hendingar i året som har gått:

v     Gjennom ord blir verda stor.  Styret har vitja alle barnehagane i august/september. Nynorsk bokgåve (10 bøker) til alle seks barnehagane i Bø.  Positiv mottaking.  Leiaren vart invitert til seminar i Noregs Mållag.

 

v     Gygrestolen – forteljingar frå Bø og bygdene rundt. Boknemnd har vore Olav Solberg, Birger Risnes og Margit Ryen Steen (frå styret).  Prosjektet fekk økonomisk støtte frå Bø kommune, Bø sparebank og Telemark fylkeskommune.  Boka blei lansert i slutten av november på Bø skule. Bø skule, Bø ungdomsskule og barnehagane har fått bokgåver. Folkestad skule har fått kjøpe til god rabatt.  Mange salsstader i Bø og nabobygdene. Salsstand på Sønstebøtunet under nattope 10.12. Styret opplevde god mottaking og godt sal. 

 

v     Norsk Barneblad til 5.trinn.  Bø sparebank har støtta utdelinga på skulane med over halve kostnaden.

 

v     Monter på biblioteket i november-desember.  Mållaget har hatt ei utstilling i to månader. Biblioteket melder om større utlån av nynorske bøker i perioden.

 

v     Målblomen er vidareført.  Bø Auto, ved Gunnar Humlebrekke, fekk målblomen i september for god nynorsk marknadsføring. Midt-Telemark Energi fekk målblome i februar for god nynorsk i flygeblada sine.                                       

 

v     Lugarkveldar 25.9. og  5.2. (2011) på Pizzafjoset.  Desse lugarane har vori med: Harald Valle, Arnfinn Staurheim, Ingebret Storkaas, Roar Torstveit, Kristian Ihle Hanto, Jon Svartdal, Sigrid Bø og Halvor Bringa.  Publikumsrekord i september.

 

v     Bøgradestokken selde godt dette året også.  Styret ser dette som eit teikn på at interessa for dialekta er stor i Bø.

 

v     Bokmerket Bøgradestokken til alle elevar på 5. trinn.  Gratis bokmerke på Bø Bibliotek og Sparebanken Sør til alle. Styret måtte trykke nytt opplag.

 

v      Joleheftesal.  Ei lita gruppe barn selde i år jolehefte. I tillegg selde me på julemessa til Bø Museum. 

 

v      Lokalisering av prostekontoret i Aust-Telemark. Styret har sendt ei fråsegn til bispedømerådet. Lokaliseringa er framleis Bø.

 

                                                                 Styret for Bø Mållag, februar 2011