Norsk Barneblad til alle 5.-klassingar i Bø

Bø mållag har i ei årrekkje gitt Norsk Barneblad til alle 5.-klassingar i Bø. Ordninga er eit samarbeid med Bø sparebank, som har tatt største delen av finansieringa. Bø skule og Folkestad skule får dermed kvar si pakke med blad ein gong i månaden for utdeling til 5.-klassingane. Ordninga er populær på skulane.

Dette skriv Norsk Barneblad om seg sjølv: Norsk Barneblad er eitt av dei aller eldste barneblada i verda som framleis kjem ut. Det var den 26 år gamle studenten Kristen Stalleland frå Grimstad som grunnla bladet i 1887. Til det første nummeret hadde han 36 abonnentar. Han kalla bladet Sysvorti Norskt Barneblad. Sysvorti er det same som svarttrost. Etter få år vart namnet berre Norsk Barneblad, men svarttrosten er framleis maskot for bladet.

Les meir om Norsk Barneblad på deira eiga heimeside.