Vedtekter for Bø mållag

 

 

§ 1

 

Bø mållag blei skipa 2. mars 1902. Laget har til føremål:

a)      å samle målfolk i Bø til aktivt arbeid for det nynorske skriftspråket,

b)      å auke kunnskapen og vørdnaden for nynorsken og bødialekta,

c)      å styrkje grunnlaget for bygdekulturen og verne om miljøet i bygda vår.

 

§ 2

 

Bø mållag skal vera innmeldt i Noregs Mållag gjennom Telemark Mållag, med dei rettar og plikter lokallaget har.

 

§ 3

 

Laget held årsmøte innan utgangen av februar, kunngjort minst ei veke på førehand. Ekstraordinært årsmøte blir halde dersom styret vedtek det eller minst ¼ av medlemene krev det.

 

§ 4

 

Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap, fastset medlemspengar til lokallaget og vedtek arbeidsprogram. Vedtak krev simpelt fleirtal dersom ikkje anna er bestemt. Registrerte medlemer har røysterett. Ved likt røystetal er røysta til leiaren avgjerande.

 

§ 5

 

Valnemnda orienterer styret om kandidatlista ei veke før årsmøtet. Årsmøtet vel:

a)      leiar ved særskilt val kvart år,

b)      4 styremedlemer og fyrste og andre varamedlem. Styremedlemene blir valde for to år om gongen, og halvparten står på val kvart år. Varafolk blir valde for eitt år om gongen,

c)      revisor,

d)      utsendingar til årsmøtet i Telemark Mållag og landsmøtet i Noregs Mållag,

e)      medlem til 17. mainemnda,

f)        3 medlemer til valnemnd etter framlegg frå styret.

 

§ 6

 

Styret vel seg imellom dei verva dei finn formålstenlege for arbeidsåret. Styret står for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Styret er vedtaksført når det er innkalla på vanleg måte og minst 3 styrefolk eller varafolk møter, mellom dei leiaren.

 

§ 7

 

Bø mållag er å rekne som nedlagt når det kjem ned i eit medlemstal på under 10. Telemark Mållag kan dessutan rekne laget som nedlagt dersom det 3 år på rad ikkje blir halde årsmøte og sendt årsmelding.

 

§ 8

 

Dersom Bø mållag blir nedlagt skal styret i Telemark Mållag ta hand om møtebøker og anna eige. Dersom nytt lag blir skipa og tilmeldt Noregs Mållag innan 5 år etter nedlegginga, skal eiga gå attende til det nye mållaget. Går det lenger tid, eig Telemark Mållag det som er.

 

§ 9

 

Framlegg til endringar i vedtektene må vera gjort kjent for medlemene minst ei veke før årsmøtet.

Dersom eit framlegg til endring av §§3-8 får 2/3 fleirtal, er det vedteke. For å endre §§1,2 og 9 krevst samrøystes vedtak.

 

Vedtektene gjeld frå 7. februar 2013